Bilbana (2013)
Det er onsdag ettermiddag og alle i barnehagen er inne da det er alt for kaldt til å vere ute. Barna er fordelt på leikerommet og kjøkkenet. Dei største barna er i fin leik mens de minste sliter med å finne ein aktivitet som fenger, dei vandrar rundtom i dei ulike romma. To voksne står og observere det som foregår av leik og anna aktivitet.
John 1år og 8mnd raser som vanlig rundt på golvet, han dytter, «stjeler» frå dei andre og øydlegger leiken til dei største barna.
Plutseleg kjem han bort til meg og tar meg i handa og seier «om» som betyr «kom». Eg står og prater med ein voksen i barnehagen, men velger å bryte av for å sjå kva John vil. Han klapper på golvet ved siden av bilbana og signaliserer at eg skal sette meg der. Eg setter meg ned slik han vil. Sjølv har han funnet ein bil som tilhøyrer bilbana og køyrer den ned. Han ler og fryder seg. Så peiker han på heisen som skal frakte bilen til toppen igjenn. «Åhh!» seier han og viser tydelig at den er vanskelig å få opp. Eg setter bilen på heisen og køyrer heisen til toppen. John ler og smiler, og setter bilen i heisen gjentatte ganger etter at den er sendt ned bana. Slik gjentar leiken seg i 5 min.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar