Jaja, ein må vell berre innsjå at sommarferien er over for lengst og at jobb, lesing og oppgaveskriving er kvardagen igjenn. Men etter ein lang ferie og flytting til det fagre vestlandet så er det litt vanskelig å komma igang igjenn.
Den praktiske biten av prosjektet er for lengst ferdig, (før sommarferien) så no e da berre å skriva vurdeing og refleksjon igjenn. Og da e ikkje akuratt lett, riv meg i håret og blar og blar i pensumets mange sider...
No er det snart samling igjenn og eg da vert to spennande dagar atter ein gang.
Stina's blogg
søndag 1. september 2013
mandag 13. mai 2013
Om landet langt vekke.
Om landet langt vekke!!
Idag overhørte eg ein samtale mellom fire av de største barna. Syns historien er verdt å dele.Eg står ute i regnet å triller på ei vogn i håp om at John Blund snart tar over den halvsure "vil ikkje sove" guten oppi.
Fire av de største barna disser i den store dissa "reiret".
"Kor stor fart skal me ha folkens?" Spør Tomas
"Så stor at me kjem til det landet langt vekke" svarer Hans
"Portugal?" Spør tomas
"Nei"
"Tyrkia?" Spør Trine
"Nei"
"Spania?" Lurer Marie
"Nei, enda lengre vekke. Der det fins mykje russ." Svarer Hans
"Russland"?
"Hehe, neeei!" Ler Hans. "Til Bergen"
mandag 6. mai 2013
Praksisfortelling
Bilbana (2013)
Det er onsdag ettermiddag og alle i barnehagen er inne da det er alt for kaldt til å vere ute. Barna er fordelt på leikerommet og kjøkkenet. Dei største barna er i fin leik mens de minste sliter med å finne ein aktivitet som fenger, dei vandrar rundtom i dei ulike romma. To voksne står og observere det som foregår av leik og anna aktivitet.
John 1år og 8mnd raser som vanlig rundt på golvet, han dytter, «stjeler» frå dei andre og øydlegger leiken til dei største barna.
Plutseleg kjem han bort til meg og tar meg i handa og seier «om» som betyr «kom». Eg står og prater med ein voksen i barnehagen, men velger å bryte av for å sjå kva John vil. Han klapper på golvet ved siden av bilbana og signaliserer at eg skal sette meg der. Eg setter meg ned slik han vil. Sjølv har han funnet ein bil som tilhøyrer bilbana og køyrer den ned. Han ler og fryder seg. Så peiker han på heisen som skal frakte bilen til toppen igjenn. «Åhh!» seier han og viser tydelig at den er vanskelig å få opp. Eg setter bilen på heisen og køyrer heisen til toppen. John ler og smiler, og setter bilen i heisen gjentatte ganger etter at den er sendt ned bana. Slik gjentar leiken seg i 5 min.
tirsdag 5. februar 2013
Mange tanker i toppen etter spidsbergseter...
Etter to flotte og fengande dagar på Spidsbergseter har det gjevnlig snurra og kverna i topplåket mitt.
For det første så knekte eg ut med det samme kva utviklngsprosjektet mitt skal vera. Planlegginga er i full gang i hovudet mitt :)
Men for det andre så har eg tilbrakt tida på jobb på ein heilt anna måte, måten eg ser ungane på og alt det eg gjer, seier og vurderer på ein heilt anderledes og ny tankesett (positiv forstand) det har resultert i nye og bedre "forhold" til barna.
Eg er vertfall så langt veldig fornøyd med alt og alle i dette studiet og gleder meg stort til fortsetelsen.
For det første så knekte eg ut med det samme kva utviklngsprosjektet mitt skal vera. Planlegginga er i full gang i hovudet mitt :)
Men for det andre så har eg tilbrakt tida på jobb på ein heilt anna måte, måten eg ser ungane på og alt det eg gjer, seier og vurderer på ein heilt anderledes og ny tankesett (positiv forstand) det har resultert i nye og bedre "forhold" til barna.
Eg er vertfall så langt veldig fornøyd med alt og alle i dette studiet og gleder meg stort til fortsetelsen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)